Året då verda blir mindre og draumane større. Bli med 45 dagar til Tanzania, Sør-Afrika, Lesotho og Jordan!
Linja byggjer i stor grad opp rundt to store turar. I november reiser du fire veker til Tanzania/Sør-Afrika/Lesotho og i februar ventar Midtausten. Til saman er du 45 dagar på tur i utlandet.
Tanzania
I landsbyen Ilula får du sterke menneskemøter med skulen sin Stop Poverty-partner. Då får du også eit heilt unikt møte med ein Masai-landsby og du lager mat på bål saman med ein storfamilie utanfor stråhytta deira. På safari i Mikumi kjem du skummelt tett på løver og elefantar og på Bongoyo får du bade på kritkvite strender i azurblått hav.
Sør-Afrika/Lesotho
I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Lesotho, Durban og Cape Town. Du lærer om Apartheid, men det blir også tid til meir. Om du vil, kan du teste ut Big Rush Rope Swing, surfe i Det Indiske hav og oppleve ditt fyrste fallskjermhopp.
Midtausten/Jordan
Her får du besøke skulen sine palestinske venner og samarbeidspartnerar. På den måten får du fyrstehandskjennskap til kva som skjer i Gaza og Vestbredden. I Jordan besøker du også oldbyen Petra, bader i Dødehavet, rir på kamel, er på hike med beduinar og kanskje får du sove under open himmel i ørkenen.
Sunnmøre
Heime i Norge får du det beste av Sunnmøre. Då blir det god tid til surfing, kajakk, klatring, grottevandring og mykje anna. Du vil overnatte i hytte, hengekøye og lavvo. Du bør difor like å vere ute.
Kort sagt: Dette vert eit år der du opplever verda og reiser med hjartet. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.
Fortsatt nysgjerrig?
Sjekk ut “les meir om linja” litt lenger ned på sida.
