Personvernerklæring

Personvernerklæring for Sunnmøre Folkehøgskule

Behandlingsansvarleg

Rektor er på vegne av Sunnmøre Folkehøgskule behandlingsansvarleg for skulen si behandling av personopplysningar.

Personopplysningar som vert lagra

Vi lagrar fylgjande personopplysningar om våre elevar;
Namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgerskap, kjønn, linjeval, opplysningar om fråvær, særskilde helseopplysningar og anna informasjon eleven har skrive i søknaden.

Vi lagrar fylgjande personopplysningar om våre kundar;

Namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.

Føremål med behandlinga

Vi behandlar opplysningane for å kunne gjennomføre våre forpliktelsar overfor statlege institusjonar, kundar og elevar i høve til tenester og skuledrift.
Vi nyttar også opplysningane for å kunne gje informasjon i samband med elevstemne og andre arrangement som skulen har.

Grunnlaget for behandlinga

Informasjon om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgerskap, kjønn, linjeval, opplysningar om fråvær og særskilte helseopplysningar vert nytta for å ivareta avtalen om undervisning. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordningens artikkel Art 6 (b).

Dersom du har gjeve samtykke til det, vert også opplysningane nytta til å gje deg informasjon på e-post og SMS om elevstemne og andre arrangement som skulen har. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordningen Art 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å motta slik informasjon frå oss.

Innhenting av personopplysningar

I samband med din søknad til skulen gjennom folkehogskole.no, lagrar vi dei personopplysningane du har gjeve i søknadskjemaet på WisWebNavi. Dette er folkehøgskulane sitt databasesystem for søkjarar og elevar. Vidare lagrar vi personopplysningar som vert sendt oss via kontaktskjema på nettsida. Dette vert lagra som epost.

Vi nyttar informasjonskapslar/cookies på våre nettsider for å gje deg som besøker sida best mogleg kundeoppleving og service. Lov om elektronisk kommunikasjon krev at vi informerer våre besøkande om bruk av informasjonskapslar (cookies).

Utlevering av opplysningar til tredjepart

Vi vil ikkje dele, selge, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det, eller har fått godkjenning om dette frå deg.

Retting og sletting av personopplysningar

Opplysningar vi har motteke i samband med din søknad vert lagra i vårt aktive elevregister. Opplysninger vi etter bokføringsloven er forpliktet til å bevare vil lagres i 5 år, i henhold til lovens krav. Retting og sletting av opplysningane vert gjort i samsvar med gjeldande lovgivning.

Rettigheiter for den registrerte

Vi behandlar dine personopplysningar i henhold til personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan kreve innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt kreve retting eller sletting av opplysningar. Det kan klagast til Datatilsynet på behandling i strid med reglane.

Informasjonstryggleik

Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell adgangs- og tilgangskontroll, samt ved nivåstyring av sensitive deler av avgitte opplysningar.

Kontaktinformasjon

Førespurnadar om kva for opplysningar som er registrert, eventuelt retting og sletting, kan sendast skriftleg til fylgjande adresse:

Sunnmøre Folkehøgskule
Varleitevegen 7
6065 ULSTEINVIK

post@sufh.no 

Revidert 08.03.21
Arnt Ole Grimstad, rekor og HMS-ansvarleg
Bodil Muren Voldsund, personvernansvarleg